holkebakgrunn.jpg

PRAKTISK INFORMASJON

KVA ER HOLKEROCK?

Det er for lite rock i sunnfjord. Det må vi gjere noke med. Holkerock er eitt steg på vegen. Holkerock er ein årleg festival med rock i fokus. Vi ynskjer å presentere lokale band innafor sjangeren, etterkvart saman med andre norske og internasjonale band.

NÅR ER HOLKEROCK?

Holkerock 2019 er 27. juli, dørene opner kl 18, og første band går på rundt kl 19. Siste band avslutter før kl 01. I 2019 vert konsertane heldt i løpet av ein dag. Vi har eit mål om å utvide til ein festival på både to og tre dager etterkvart. Når det skjer, bestemmer dei som kjem og vil høyre på.

KVAR ER HOLKEROCK?

Holkerock arrangerast i Holkenhagen i Holmedal sentrum. For dei heilt utan retningssans finns det kart tilgjengeleg på internettet. Sjå og kartinformasjon på kontaktsidene våre.

Kva går inntektene til?

Når kostnadar er trukket frå, delast resten av inntektene på aktørane som er med på å få Holkerock til å skje: banda, dei som stiller med PA og scene, og til festivalen sjølv slik at vi kan få dette til å verte eit årleg arrangement.

KORLEIS KJEM EG MEG Dit og Heimatt?

Det vert satt opp buss tilbake til Førde, Sande, Dale etter festivalen.

KVA OM DET ER GODT GAMALDAGS DRITVEIR?

Då vert festivalen flytta ca 150 meter, til Holmedal bygdehus. Det har omtrent samme kapasitet og vil ha omtrent same rettigheter.

ER DET NOKE GODT Å DRIKKE OG GNAGE PÅ DER?

Det vert matsal i tillegg til drikke. Staden har alle rettigheter. Det er brennevin og vinservering inne, ute er det øl og mat. Holken er ein av fylkets beste stader på whisky, just sayin’

KAN EG OVERNATTE PÅ DENNE HERLEGE PLASSEN?

Det er hotell, motell, gjestehamn og campingplass i Askvoll, 7 minutt unna med bil. Det er campingplass i Vårdal, 5 minutt unna med bil. Det er motell i Dale, 12 minutt unna med bil. Det er diverse hytter og hus tilgjengeleg for utleige i Holmedal sentrum. For dei med båt er det mogleg å leige plass i Holmedal båthamn, 200 meter frå konsertane.

DETTE ER FOR GODT TIL Å VERE SANT, KAN EG BESTILLE BILLETTER?

Ja, du kan bestille billettar på Ticketco no!